Tung tids tale, av Halldis Moren Vesaas

Dette diktet er på vei.

Tung tids tale

Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt i mot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm.

1945

 

Kommentar til diktet

Det var dette som skulle være samlingsdiktet etter 22. juli.

3 tanker om “Tung tids tale, av Halldis Moren Vesaas

  1. Tilbaketråkk: Det heiter ikkje: selfie – no lenger | Framtida

Legg igjen en kommentar