No plantar kvinna, av Halldis Moren Vesaas

Dette er diktet No plantar kvinna, av Halldis Moren Vesaas.

No plantar kvinna

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som be
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har broti ned.
Påny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.

Ho opnar molda og reider eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.

Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og várt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp skal breste snart.

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?

Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugand dirring. Å jord, ver still,
ver stilll, så mitt tre får gro!

Kommentar til diktet

Kommer…

Advertisements

2 thoughts on “No plantar kvinna, av Halldis Moren Vesaas

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s